loading . . . Kvifor held vi fram med Ä prÞve Ä stogge overforbruket av ressursar ved Ä appellere til individuell nÞysemd, nÄr det finst sÄ mange politiske verktÞy vi kunne ha teke i bruk?
Del artikkel
Del pÄ Facebook Del pÄ Twitter Del pÄ mail
Teknologisk effektivisering fÞrer like gjerne til hÞgare samla forbruk som til lÄgare. Det er blitt pÄpeikt mange gonger, mellom anna av Kjetil Staalesen i denne kommentaren. Men oftast fÞrer ikkje innsikta til stort anna enn innstendige oppfordringar til enkeltindividet om Ä begrense seg. SÄ ogsÄ Staalesen: «Vi mÄ se oss i speilet. Du og jeg. Og sÄ mÄ vi velge Ä stoppe, fÞr vi er nÞdt.»
> Tvert imot er det mogleg Ä skape eit betre liv for det store fleirtalet pÄ kloden.
Men Ä ta personleg ansvar for Ä senke forbruket er mildt sagt ei utfordring nÄr alle strukturar rundt oss er bygd for Ä auke det. Dersom vi meiner alvor med oppfordringane, trengst det politikk. Og den finst.
### **Kor mykje er tilstrekkeleg?**
Internasjonalt fÄr omgrepet _sufficiency_ jamt meir merksemd, bÄde i akademiske og politiske kretsar. Det har ikkje fÄtt ei etablert norsk omsetjing, men lat oss enn sÄ lenge kalle det _tilstrekkelegheit_. SÄ mange av krisene verda stÄr overfor, ville blitt langt lettare Ä lÞyse om vi hadde eit mÄl om ikkje Ä bruke meir enn vi treng.
I byrjinga av juni lanserte The World Inequality Lab â forskingssenteret som huser Thomas Piketty og Gabriel Zucman mellom andre â ein omfattande rapport der hovudbodskapen er at verda ikkje er dĂžmd til ukontrollert oppvarming, Ăžydelegging av livsgrunnlaget og politisk ekstremisme.
Tvert imot er det mogleg Ä skape eit betre liv for det store fleirtalet pÄ kloden, fÞresett at vi staggar forbruket og akkumuleringa av ressursar hos dei rikaste, og set tilstrekkelegheit i sentrum for politikken. Arbeidstidsreduksjon, endring i produksjonsmÞnster, elektrifisering og omlegging av drivstoff, og skattlegging av dei rikaste er mellom tiltaka dei foreslÄr.
Men rapporten frÄ Piketty-miljÞet er slett ikkje banebrytande. I 2023 kom resultata frÄ eit stort europeisk prosjekt der forskarar og sivilsamfunnsorganisasjonar gjekk saman om Ä utvikle eit vegkart mot ei lÄgutsleppsframtid for Europa. Her vart energieffektivitet og utbygging av fornybar energi (dei to omrÄda som norsk klimadebatt hovudsakleg dreier seg om) supplerte med politikk for tilstrekkelegheit.
I rapporten blir det konkludert med at Europa (EU + EĂS-omrĂ„det) kan bruke 18 prosent mindre energi i 2030 samanlikna med 2019, og 55 prosent mindre i 2050. I same perioden kan Europa frigjere seg frĂ„ energiimport og klare seg med 100 prosent sjĂžlvprodusert, fornybar energi â ein forlokkande framtidsvisjon sett mot bakgrunnen av energikrisene fĂžrst Russland, og seinare USA og Israel, har pĂ„fĂžrt oss.
> Til samanlikning ser Noreg ut til Ä liggje sÞrgjeleg langt bakpÄ i desse debattane.
Den franske organisasjonen négaWatt, som koordinerte arbeidet, legg vekt pÄ at ein av fordelane med tilstrekkelegheitstiltak er at dei kan settast i verk i dag, utan at vi mÄ vente pÄ teknologiske gjennombrot eller utbygging av infrastruktur som krev store naturinngrep. Dei er billege, medfÞrer lÄg risiko og er ofte populÊre sÄ sant dei blir gjennomfÞrde pÄ rettferdig vis. Nokre av verkemidla er allereie godt kjende frÄ norsk transportdebatt, sjÞlv om dei oftast blir innramma som effektiviseringtiltak og ikkje tilstrekkelegheitstiltak:
Ved Ä vri ein del av transporten over frÄ dei mest utsleppsintensive transportmidla (fly, bil), til mindre utsleppsintensive (tog, kollektiv og ikkje minst sykkel og gange) fÄr ein ikkje berre ned utsleppa og energiforbruket, ein skapar ogsÄ positive ringverknader som mindre luftforureining, mindre arealforbruk og betre framkommelegheit for mjuke trafikantar.
### **Samlar politiske verktĂžy**
Dei viktigaste konklusjonane frÄ Clever-scenariet vart presenterte i ein artikkel i det anerkjende vitskaplege tidsskriftet Nature i 2024. Hovudforfattar av artikkelen, den tyske forskaren Frauke Wiese, leier eit stort tverrfagleg forskingsprosjekt pÄ energitilstrekkelegheit. I kjÞlvatnet av Russlands Ätak pÄ Ukraina og den pÄfÞlgjande energikrisa, har forskingsgruppa hennar mellom anna publisert ein tilstrekkelegheitsstrategi for Tyskland, der dei undersÞker korleis det tyske samfunnet bÄde kan stogge overforbruket av ressursar og samtidig bli meir motstandsdyktig mot kriser, ved Ä introdusere politikk for tilstrekkelegheit pÄ fire omrÄde: Bygg, mobilitet, landbruk/matproduksjon og forbruk.
Forskingsgruppa er ogsÄ i ferd med Ä byggje opp ein database med tilstrekkelegheitstiltak som politikarar, forvalting og sivilsamfunn kan la seg inspirere av.
Og allereie fÞr Russlands invasjon hadde forsking vist at vi, gjennom omfordeling og satsing pÄ kollektive framfor private lÞysingar, kan dekkje grunnleggjande behov for alle menneske i verda med mindre enn halvparten av energiforbruket vi hadde i 2020.
> Dermed uteblir bÄde debatten og tiltaka.
Til samanlikning ser Noreg ut til Ä liggje sÞrgjeleg langt bakpÄ i desse debattane. SjÞlv om tilstrekkelegheit sÄ smÄtt har funne vegen inn i forskingsverda (i skrivande stund ligg det ein sÞknad frÄ Sintef om Ä etablere eit senter for energitilstrekkelegheit pÄ ForskingsrÄdets bord), sÄ fÄr temaet knapt politisk merksemd. Hausten 2024 lanserte rett nok regjeringa, med brask og bram, Noregs fÞrste nasjonale folkepanel, som ein del av arbeidet med stortingsmeldinga om Noregs oppfÞlgjing av berekraftsmÄla. Dei 54 tilfeldig uttrekte medlemmane skulle diskutere korleis politikarane kan leggje til rette for eit meir berekraftig forbruk i Noreg.
Forslaga frÄ panelet var dei minst inngripande ein kan tenkje seg og handla stort sett om informasjonskampanjar og om Ä spÞrje bedrifter pent om Ä forlenge levetida til produkta sine, men ikkje eingong dette har fÄtt noka politisk oppfÞlgjing, trass i at det er stor tverrpolitisk semje om at det norske ressurforbruket ikkje kan halde fram. I behandlinga av meldinga i Stortinget vart eit forslag om Ä be regjeringa vektleggje rÄda frÄ folkepanelet, og eit forslag om Ä be regjeringa lage ein handlingsplan for Ä redusere det materielle forbruket i Noreg, begge stemt ned.
### **Vil heller effektivisere**
DÄ svenske forskarar for eit par Är sidan undersÞkte i kva grad tilstrekkelegheit kom til syne i den energipolitiske debatten i Sverige, fann dei at tilstrekkelegheit fekk forsvinnande lite merksemd samanlikna med energieffektivisering og utbygging av fornybar energi. Dei fann heller ingen mÄl om Ä redusere energiforbruket i absolutte tal, berre i relativ forstand. Energieffektivisering blir framstilt som miljÞvenleg per definisjon, sjÞlv om det altsÄ er godt kjent at effektivisering ofte fÞrer til hÞgare forbruk og stÞrre miljÞpÄverknad.
Forskarane konkluderer med at politikarar unngĂ„r Ă„ diskutere tilstrekkelegheitstiltak delvis av frykt for folkeleg motstand, men hovudsakleg fordi tilstrekkelegheit blir oppfatta som Ă„ stĂ„ i motsetnad til Sverige sitt uttala mĂ„l om Ă„ oppnĂ„ Ăžkonomisk vekst og konkurransekraft ved Ă„ utvikle og eksportere «grĂžne» teknologiar â ein retorikk vi ogsĂ„ kjenner att heimanfrĂ„. Dette gjeld heile det politiske spekteret.
> Vi kan nÞye oss med «nok» nÄr vi berre ser at andre ogsÄ gjer det same.
Resultata frÄ Sverige har visse parallellar til Noreg: FÞr siste stortingsval undersÞkte forskarar frÄ NTNU klima- og energipolitikken til dei ulike politiske partia. Dei fann at alle partia bortsett frÄ Venstre, HÞgre og Senterpartiet var samde i at det materielle forbruket mÄ reduserast. Men ingen hadde forslag til praktisk politikk for Ä gjennomfÞre det. Igjen var frykta for folkeleg motstand tydeleg, men samtidig er venstresida skeptisk til Ä lempe ansvaret over pÄ enkeltindividet, medan hÞgresida er skeptisk til Ä gripe inn i folks forbruk gjennom statleg styring. Dermed uteblir bÄde debatten og tiltaka.
Noko av det paradoksale er at samtlege parti ogsÄ ivrar for Ä auke industriproduksjonen og etablere ny kraftkrevjande industri i Noreg. Det burde vere eit ideelt hÞve til Ä sparke i gang ein stÞrre debatt om korleis ein kan redusere forbruket av energi og ressursar i andre sektorar. Det er ogsÄ grunn til Ä tru at frykta for folkeleg motstand er overdrive:
Til dÞmes viser ei analyse av alle europeiske folkepanel som har diskutert klimaspÞrsmÄl, at dei gjennomgÄande Þnskte seg langt fleire tilstrekkelegheitstiltak enn dei fekk i sine respektive lands klimapolitikk.
Mennesket er ikkje glad i det vesle ordet «nok», skriv Staalesen. Men det er ikkje nÞdvendigvis sant. Vi kan nÞye oss med «nok» nÄr vi berre ser at andre ogsÄ gjer det same. Men dÄ trengst det politikk.
Del artikkel
Del pÄ Facebook Del pÄ Twitter Del pÄ mail https://agendamagasin.no/debatt/noysemd-er-eit-politisk-sporsmal/